Esekiel 46:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Kvar dag skal du ofra eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer til Herren. Kvar morgon skal du ofra det.

14. I tillegg til det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa mjøl som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å blanda finmjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast og evig ordning.

15. Lammet, grødeofferet og oljen skal kvar morgon berast fram som eit dagleg brennoffer.

16. Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev nokon av sønene sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho høyra sønene hans til; dei får henne til odel og eige.

17. Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho vera hans til frigjevingsåret. Då skal ho gå tilbake til fyrsten. Hans jordeigedom skal vera berre for sønene.

18. Fyrsten må ikkje ta jord frå folket så han driv nokon bort frå eigedomen deira. Berre av eigen eigedom kan han gje sønene arv, så folket mitt ikkje skal jagast bort frå eigedomen sin.

19. Han førte meg gjennom inngangen attmed porten til dei romma i heilagdomen som er for prestane, dei som vender mot nord. Og sjå, der var det ein stad lengst mot vest.

Esekiel 46