Esekiel 46:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagane og nymånedagen skal han opnast.

2. Når fyrsten kjem utanfrå gjennom forhallen i porten, skal han stilla seg attmed ein av portstolpane. Medan prestane ber fram brennoffer og fredsoffer for han, skal han bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Porten skal ikkje latast att før om kvelden.

3. Folket i landet skal tilbe Herren ved inngangen til denne porten på sabbatane og nymånedagane.

4. Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lam utan feil og ein vêr utan feil.

5. Grødeofferet skal vera ein efa mjøl til vêren, til lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

6. På nymånedagen skal han ofra ein ungokse utan feil, seks lam og ein vêr utan feil.

7. Som grødeoffer skal han gje ein efa mjøl til ungoksen, til vêren ein efa og til lamma så mykje han har råd til, og ein hin olje til kvar efa.

8. Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.

Esekiel 46