Esekiel 45:3-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Av heile området skal du måla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Der skal heilagdomen stå, det høgheilage.

4. Dette stykket er ein heilag del av landet. Det skal høyra til prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Det skal gje plass for husa deira og beitemark som høyrer heilagdomen til.

5. Eit jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal høyra til levittane, som er tempeltenarar. Der skal dei ha byar å bu i.

6. Til eigedom for byen skal de gje eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er sett av til heilagdomen. Det skal høyra til heile Israels hus.

Esekiel 45