10. Bruk rette vektskåler og rett efa og bat!
11. Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.
12. Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.
13. Dette er offergåva de skal gje: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.
14. Forskrifta for olje som blir målt i bat, er ein tiandedels bat av kvar kor. Det er altså ti bat i ein kor.
15. Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå dei saftige beita i Israel. Dei skal vera til grødeoffer, brennoffer og fredsoffer, til soning for folket, seier Herren Gud.
16. Heile folket i landet må vera med på å gje fyrsten i Israel denne gåva.
17. Fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israels hus. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og fredsoffer til soning for Israels hus.
18. Så seier Herren Gud: Den første dagen i den første månaden skal du ta ein ungokse utan feil. Slik skal du ta bort synd frå heilagdomen.
19. Presten skal ta noko av blodet frå syndofferdyret og stryka det på dørstolpane i tempelet, på dei fire hjørna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.
20. Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Slik skal de gjera soning for huset.
21. Den fjortande dagen i den første månaden skal de halda påske. Under sjudagarsfesten skal det etast usyra brød.
22. På den dagen skal fyrsten laga til ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.
23. Dei sju dagane festen varer, skal han laga til brennoffer for Herren, kvar dag sju oksar og sju vêrar utan feil, og som syndoffer ein geitebukk kvar dag.