Esekiel 43:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Dette er måla på altaret, målte med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Ei renne var ei alen djup og ei alen brei, og kanten rundt var eitt fingerspenn.Dette er sokkelen under altaret:

14. Frå renna på bakken og opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var éi alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var éi alen.

15. Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp.

16. Eldstaden var tolv alner lang og tolv alner brei, firkanta.

17. Avsatsen var fjorten alner lang og fjorten alner brei, firkanta. Kanten rundt var ei halv alen, og renna omkring var éi alen. Altartrappa vende mot aust.

18. Han sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Dette er forskriftene for altaret som gjeld frå den dagen det blir laga, så ein kan ofra brennoffer og skvetta blod på det.

19. Til dei levittprestane som er av Sadoks ætt, dei som stig fram og gjer teneste for meg, seier Herren Gud, skal du gje ein ungokse som syndoffer.

20. Du skal ta noko av blodet og stryka det på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna til avsatsen og på kanten omkring. Slik skal du ta bort synd frå altaret og gjera soning for det.

21. Så skal du ta syndofferoksen og brenna han på den fastsette staden ved tempelet, utanfor sjølve heilagdomen.

22. Dagen etter skal du føra fram ein geitebukk utan feil som syndoffer. Med den skal dei ta bort synd frå altaret slik dei gjorde det med oksen.

23. Når du er ferdig med å ta bort synd, skal du føra fram ein ungokse av storfeet og ein vêr av småfeet, begge utan feil.

24. Du skal føra dei fram for Herren. Prestane skal strø salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren.

Esekiel 43