Esekiel 43:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så førte han meg til den porten som vender mot aust.

2. Og sjå, herlegdomen til Israels Gud kom frå aust med eit drønn som av store vassmengder, og jorda stråla av hans herlegdom.

3. Det synet eg fekk sjå, likna det synet eg hadde då han kom for å øydeleggja byen, og det eg hadde ved Kebar-elva. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda.

4. Og Herrens herlegdom kom til tempelet gjennom den porten som vender mot aust.

5. Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte tempelet!

6. Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå huset, og ein mann stod ved sida av meg.

7. Han sa til meg: Menneske, dette er staden for mi trone og staden for mine fotsolar. Her vil eg bu mellom israelittane til evig tid. Israels hus skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, verken dei eller kongane deira, som dei gjorde det med sitt horeri og med lika av kongane sine når dei døydde.

8. Dei sette sin dørstokk attmed min dørstokk og sin dørstolpe inntil min dørstolpe, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med alt det avskyelege dei dreiv med. Difor fortærte eg dei i min vreide.

Esekiel 43