Esekiel 40:47-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

47. Han målte føregarden; han var firkanta, hundre alner lang og hundre alner brei. Framfor tempelet stod altaret.

48. Så førte han meg til forhallen i tempelet og målte pilarane. Dei var fem alner på kvar side. Portopninga var tre alner på kvar side.

49. Forhallen var tjue alner lang og tolv alner brei. Ti trappesteg førte dit opp. Det stod søyler ved pilarane, ei på kvar side.

Esekiel 40