Esekiel 39:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal!

2. Eg snur deg rundt og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og fører deg opp på fjella i Israel.

3. Der slår eg bogen ut av venstre handa di og lèt pilene detta ut av den høgre.

4. På fjella i Israel skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slags rovfuglar og for villdyr.

Esekiel 39