2. Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han.
3. Du skal seia: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal.
4. Eg fører deg omkring, eg set krokar i kjakane dine. Så fører eg deg ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, staseleg kledde alle i hop, ein veldig flokk med langskjold og rundskjold, alle væpna med sverd.
5. Med dei er Persia, Kusj og Put. Alle saman har skjold og hjelm.
6. Gomer med alle sine fylkingar, Togarmas hus lengst i nord med alle sine fylkingar, mange folk er med deg.
7. Rust deg og gjer deg klar, du og heile flokken som er samla hos deg. Du skal vakta dei.