Esekiel 37:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande.

6. Eg fester sener på dykk, legg kjøt på, dreg hud over og gjev dykk andedrag så de blir levande. Då skal de kjenna at eg er Herren.»

7. Eg tala profetord, som eg hadde fått bod om. Sjå, eg profeterte, og det tok til å buldra og skjelva. Knoklane la seg inn mot kvarandre, knokkel mot knokkel.

8. Eg såg, og sjå! – det kom sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over. Men ånd mangla dei.

9. Då sa han til meg: «Tal profetord til ånda! Menneske, tal profetisk og sei til ånda: Så seier Herren Gud: Kom, ånd, frå dei fire vindretningane og blås på desse drepne så det kjem liv i dei.»

10. Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær.

Esekiel 37