Esekiel 36:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Difor, fjell i Israel, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane, til røysane på dei aude tuftene og til dei folketomme byane, som har vorte plyndra og spotta av dei andre folkeslaga rundt omkring.

5. Difor seier Herren Gud: Sanneleg, eg talar i min brennande sjalusi mot dei andre folkeslaga og mot heile Edom. Av hjartans lyst og med sjels forakt gjorde dei landet mitt til sin eigedom, til beiteland og bytte.

6. Difor skal du tala profetord om Israels land og seia til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Så seier Herren Gud: Sjå, eg talar i sjalusi og harme fordi de må tola spott frå andre folk.

7. Difor seier Herren Gud: Eg lyfter handa og sver at grannefolka dykkar sjølve skal bera sin spott.

8. Men de, fjell i Israel, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart!

9. Sjå, eg vender meg til dykk. De skal bli dyrka og tilsådde.

10. Eg lèt dykk få mange menneske, heile Israels hus. I byane skal det bu folk, og ruinrøysane skal byggjast opp att.

11. Eg lèt dykk få mange menneske og dyr. Dei skal bli mange og vera fruktbare. Eg lèt det bu folk hos dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn før. De skal kjenna at eg er Herren.

12. Atter lèt eg menneske ferdast på dykk, mitt folk Israel skal ta deg i eige. Du skal vera deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause.

13. Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk.

14. Men du skal ikkje eta menneske meir og ikkje gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.

15. Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå folkeslaga, du skal ikkje lenger måtta tola at folk håner deg, og du skal ikkje lenger gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.

16. Herrens ord kom til meg:

17. Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med si ferd og sine gjerningar. I mine auge var det som ureinskap ved menstruasjon.

18. Så auste eg ut harmen min over dei fordi dei auste ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine.

19. Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strødde ut i landa. Eg dømde dei etter deira ferd og gjerningar.

20. Men kva folkeslag dei enn kom til, vanhelga dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, men dei måtte fara ut av landet hans.»

Esekiel 36