Esekiel 35:13-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. De har vore store i munnen og nytta mange ord mot meg. Eg har høyrt det.

14. Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei øydemark.

15. Fordi du gledde deg då Israels eigedom vart lagd i øyde, gjer eg det same mot deg. Se'ir-fjellet og heile Edom skal bli ei øydemark. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Esekiel 35