Esekiel 32:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Eg slengjer deg opp på landog kastar deg på marka.Eg lèt alle fuglar under himmelenslå seg ned på degog lèt alle dyr på jordametta seg på deg.

5. Eg legg kjøtet ditt på fjellaog fyller dalane med blodet ditt.

6. Eg vatnar jorda med blodet dittsom renn på fjella,og fyller bekkefara.

7. Eg dekkjer himmelen til når eg sløkkjer deg,stjernene kler eg i svart.Sola dekkjer eg bak skyer,månen kastar ikkje lenger lys.

8. Kvart skinande lys på himmelenlèt eg svartna for di skuld,eg sender mørker over landet ditt,seier Herren Gud.

9. Eg skakar opp hjartet hos mange folkeslagnår eg fører deg øydelagdut mellom folka,til land du ikkje kjenner.

10. Eg skremmer mange folk med deg,kongane deira gysernår eg svingar sverdet framfor dei.Kvar augneblink skjelv dei for livet sittden dagen du fell.

11. For så seier Herren Gud:Sverdet til kongen av Babel skal koma over deg.

12. For sverdet til kjemperlèt eg flokken din falla,alle er brutale folkeslag.Dei smadrar det egyptarane er stolte av,heile den støyande flokken blir utrydda.

13. Eg gjer ende på alt feetved dei store vatna.Dei skal ikkje lenger grumsast tilav menneskefot eller dyreklauver.

14. Så gjer eg vatnet klårt og reint,elvane lèt eg renna som olje,seier Herren Gud.

15. Når eg gjer Egypt til ei øydemark,når landet ligg audt og forlate,når eg slår ned alle som bur der,då skal dei kjenna at eg er Herren.

16. Dette er ei likklage,og klagast skal det.Døtrer av folkeslag skal klaga.Over Egypt og heile flokken der skal dei klaga,seier Herren Gud.

17. Det var i det tolvte året, på den femtande dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:

18. Menneske, klag over flokken i Egypt,du og døtrene av folkeslaga,og før ned dei mektigetil landet der nede,til dei som har gått i grav!

19. Er du finare enn andre?Stig ned og legg deg hos uomskorne!

20. Dei skal falla mellom mennsom blir drepne med sverd.Sverdet vart gjeve,dei drog det mot landetog heile flokken der.

Esekiel 32