Esekiel 31:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det ellevte året, på den første dagen i den tredje månaden. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, sei til farao, kongen i Egypt, og til den ståkande flokken hans:Kven liknar du i din stordom?

3. Sjå på Assur,ein seder på Libanon med vakre greiner,ein skuggefull skog, høg av vokster.Krona rakk opp mellom skyene.

4. Vatnet gjorde sederen stor,han fekk sin vokster frå djupet,derifrå gjekk straumanerundt staden der han var planta,derifrå rann bekkenetil alle tre på marka.

5. Difor vart han høgareenn alle trea på marka.Han fekk mange greiner,kvistene vart langeav vatnet som strøymde så rikt.

6. Alle slag fuglar under himmelenbygde reir i greinene,alle dyr på markafødde sine ungar under lauvverket,og i skuggen av sederenbudde mange folkeslag.

7. Han var vakker og stormed sine lange greiner,for røtene fekk rikeleg med vatn.

8. Ingen seder i Guds hagekunne måla seg med han,ingen sypress hadde slike greiner,ingen platan så rikt lauvverk.Ikkje noko tre i Guds hagevar så fagert som han.

9. Så fager hadde eg gjort han,med ein rikdom av greiner,at alle Eden-tre i Guds hagevar misunnelege på han.

Esekiel 31