5. Kusj og Put,Lud og alle ørkenfolka,Kub og menn frå land dei står i pakt med,skal falla for sverd saman med dei.
6. Så seier Herren:Dei som støttar Egypt, skal falla.Den stolte makta deira skal gå under.Frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd,seier Herren Gud.
7. Dei skal leggjast aude mellom øydde land,byane skal liggja mellom ruinbyar.
8. Dei skal kjenna at eg er Herrennår eg set eld på Egyptog alle som hjelper det, blir knuste.
9. Den dagen skal sendebod frå megdra ut med skipfor å skremma det trygge Kusj.Rier av redsle grip deinår dagen kjem for Egypt.For sjå, han kjem!
10. Så seier Herren Gud:Eg gjer ende på rikdomane i Egyptmed handa til Nebukadnesar, kongen i Babel.
11. Han og folket hans med han,brutale folkeslag,skal førast dit for å herja landet.Dei skal dra sverd mot Egyptog fylla landet med falne.
12. Eg lèt elvane tørka utog gjev landet i hendene på vonde.Med handa til framandeøydelegg eg landet og alt som fyller det.Eg, Herren, har tala.
13. Så seier Herren Gud:Eg lèt avgudane gå til grunneog gjer ende på fillegudane i Nof.Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.Eg spreier redsle i landet.
14. Eg legg Patros audt,set eld på Soanog held dom over No.
15. Eg auser ut min harme over Sin,festningsbyen i Egypt,og øydelegg rikdomane i No.