Esekiel 30:11-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Han og folket hans med han,brutale folkeslag,skal førast dit for å herja landet.Dei skal dra sverd mot Egyptog fylla landet med falne.

12. Eg lèt elvane tørka utog gjev landet i hendene på vonde.Med handa til framandeøydelegg eg landet og alt som fyller det.Eg, Herren, har tala.

13. Så seier Herren Gud:Eg lèt avgudane gå til grunneog gjer ende på fillegudane i Nof.Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.Eg spreier redsle i landet.

14. Eg legg Patros audt,set eld på Soanog held dom over No.

15. Eg auser ut min harme over Sin,festningsbyen i Egypt,og øydelegg rikdomane i No.

16. Eg set eld på Egypt,Sin skal vri seg i smerte,No skal stormastog Nof takast midt på lyse dagen.

17. Dei unge mennene i On og Pi-Besetskal falla for sverd,og kvinnene må fara i fangenskap.

Esekiel 30