1. Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne rullen! Gå så og tal til Israels hus!»
2. Då opna eg munnen, og han lét meg eta rullen.
3. «Menneske», sa han. «Mett magen din og fyll innvolane dine med denne rullen som eg gjev deg.» Då åt eg rullen, og han gav ein søtsmak i munnen som honning.
4. Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels hus og tal mine ord til dei!
5. Det er ikkje til eit folk med tungt og vanskeleg språk du blir send, men til Israels hus,
6. ikkje til mange folk med så tunge og vanskelege språk at du ikkje oppfattar kva dei seier. Om det var dei eg sende deg til, hadde dei høyrt på deg.
7. Men Israels hus vil nekta å høyra på deg, for dei nektar å høyra på meg. For alle har harde panner og steinhjarte.
8. Sjå, eg gjer andletet ditt like hardt som deira andlet og panna di like hard som deira panne.
9. Som diamant, ja, hardare enn flint gjer eg panna di. Ikkje ver redd dei og ikkje skjelv for dei, sjølv om dei er ei trassig ætt.»
10. Så sa han til meg: «Menneske, alle orda eg talar til deg, skal du gripa med hjartet og lytta til med øyra.
11. Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»
12. Då lyfte ånda meg opp, og bak meg høyrde eg ljomen av ei kraftig røyst: «Herrens herlegdom vere lova frå hans bustad!»
13. Og eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira støytte mot kvarandre, lyden av hjula attmed dei og lyden av ein sterk ljom.
14. Ånda lyfte meg opp og tok tak i meg, eg fór av stad, beisk og oppøst, og Herrens hand var over meg med styrke.