Esekiel 29:12-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Eg gjer Egypt til ei øydemarkmellom land som er lagde i øyde.Byane skal liggja øyddemellom ruinbyar i førti år.Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.

13. Men så seier Herren Gud:Etter førti årvil eg samla egyptaranefrå folka dei er spreidde imellom.

14. Då vender eg lagnaden for egyptarane.Eg fører dei tilbake til Patros,landet dei kom ifrå.Der skal dei bli til eit lite kongerike.

15. Det skal bli mindre enn andre rikeog aldri meir lyfta seg over folkeslaga.Eg lèt dei bli så fåat dei ikkje kan herska over andre.

Esekiel 29