Esekiel 26:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Eg gjer eg slutt på lyden av songane dine,klangen av lyrer skal ikkje høyrast.

14. Eg gjer deg til eit nake berg.Ein tørkeplass for fiskegarn skal du bli.Du skal ikkje byggjast opp att,for eg, Herren, har tala,seier Herren Gud.

15. Så seier Herren Gud til Tyros:Sanneleg, kystane skal skjelva ved drønnet når du fell,når dei såra stønnar,når slaktinga set i gang hos deg.

16. Då skal alle fyrstane ved havetstiga ned frå trona,leggja kappa bortog ta av seg dei fargerike kleda.Dei kler seg i redsleog set seg på jorda.Dei skjelv stadig,slegne av skrekk på grunn av deg.

17. Dei stemmer i ei likklage og seier om deg:Korleis kunne du gå til grunne,du som fekk ditt folk frå havet,den lovprisa byensom var mektig på sjøen,byen og hennar innbyggjararsom spreidde redsle blant alle som bur der.

18. No skjelv kystane,det er dagen for ditt fall,øyane i havet blir slegne av skrekkover den enden du fekk.

19. Så seier Herren Gud:Når eg gjer deg til ein herja by,lik byar det ikkje bur folk i,når eg lèt havdjupet slå inn over degog veldige vatn dekkjer deg,

Esekiel 26