1. Herrens ord kom til meg:
2. Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei.
3. Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud:Så seier Herren Gud:Du sa ha-ha!om min heilagdom då han vart vanhelga,om Israels land då det vart lagt øyde,om Judas hus då dei gjekk i eksil.
4. Sjå, difor lèt eg folka frå aust ta deg i eige.Dei skal slå leir og setja opp bustader hos deg.Dei skal eta di frukt og drikka di mjølk.
5. Rabba gjer eg til ei beitemark for kamelar,Ammon til kvileplass for småfe.Då skal de kjenna at eg er Herren.