Esekiel 23:21-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Du tenkte med lengsel på din skamlause ungdom, på det egyptarane gjorde med brysta dine, dei unge brysta.

22. Difor, Oholiba, så seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du braut med. Eg sender dei mot deg frå alle kantar:

23. Babels menn, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge karar, statthaldarar og stormenn alle saman, dugande stridsmenn og utvalde menn, alle høgt til hest.

24. Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Langskjold og rundskjold og hjelmar stiller dei opp mot deg frå alle kantar. Eg gjev dommen over til dei, og dei skal dømma deg etter sine lover.

25. Men deg gjev eg min sjalusi, så dei går laus på deg i harme. Nasen og øyra skjer dei av deg, og det som er att til slutt, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som er att til slutt, skal fortærast av eld.

26. Dei riv av deg kleda og tek smykka dine.

27. Slik gjer eg slutt på det skamlause horelivet som du la deg til i Egypt. Du skal ikkje kikka etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.

28. For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg over i hendene på dei du hatar, dei som du braut med.

29. Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du har streva for. Dei lèt deg liggja naken og avkledd så ditt nakne hor blir synleg, ditt skamlause horeliv.

30. Dette skal dei gjera mot deg fordi du dreiv hor og la deg etter andre folkeslag og gjorde deg urein med avgudane deira.

Esekiel 23