Esekiel 22:4-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Med blodet du lèt flyta, fører du skuld over deg, og med avgudsbileta du lagar, gjer du deg urein. Du nærmar deg dine dagars ende, du kjem til slutten av dine år. Difor gjer eg deg til spott for folkeslaga, til hån for alle land.

5. Både nær ved og langt borte skal folk håna deg, du som har skitna til namnet ditt og er i full forvirring.

6. Sjå, Israels fyrstar, kvar med si makt, er hos deg for å ausa ut blod.

7. Hos deg foraktar dei far og mor, undertrykkjer innflyttarar og er harde mot farlause og enkjer.

8. Heilagdomane mine vanvørder du, og sabbatane mine vanhelgar du.

9. Hos deg baktalar dei og auser ut blod. Dei et offerkjøt på haugane og oppfører seg lausaktig.

10. Dei avdekkjer den nakne kroppen til far sin og krenkjer kvinner som er ureine med menstruasjon.

11. Ein mann gjer avskyelege ting med kona til nesten sin, ein annan driv hor med svigerdottera, og ein tredje krenkjer syster si, dotter til hans eigen far.

12. Hos deg tek dei pengar for å ausa ut blod. Du tek renter og avgift. Du utnyttar nesten din med utpressing. Men meg har du gløymt, seier Herren Gud.

13. Sjå, eg slår hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning og aust ut blod.

14. Held hjartet ditt enno stand, er hendene dine enno sterke den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg set det i verk.

15. Eg spreier deg mellom folkeslaga og strør deg ut i landa. Og eg friar deg heilt for ureinskap.

16. Du blir vanæra rett framfor auga på folkeslaga. Og då skal du kjenna at eg er Herren.

17. Herrens ord kom til meg:

18. Menneske, for meg har Israels hus vorte til slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som ureinsa sølv er dei.

19. Difor seier Herren Gud: Sjå, fordi de alle har vorte slagg, samlar eg dykk i Jerusalem.

Esekiel 22