Esekiel 22:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Hos deg tek dei pengar for å ausa ut blod. Du tek renter og avgift. Du utnyttar nesten din med utpressing. Men meg har du gløymt, seier Herren Gud.

13. Sjå, eg slår hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning og aust ut blod.

14. Held hjartet ditt enno stand, er hendene dine enno sterke den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg set det i verk.

15. Eg spreier deg mellom folkeslaga og strør deg ut i landa. Og eg friar deg heilt for ureinskap.

16. Du blir vanæra rett framfor auga på folkeslaga. Og då skal du kjenna at eg er Herren.

17. Herrens ord kom til meg:

18. Menneske, for meg har Israels hus vorte til slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som ureinsa sølv er dei.

19. Difor seier Herren Gud: Sjå, fordi de alle har vorte slagg, samlar eg dykk i Jerusalem.

20. Slik ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så pustar på elden for å smelta det, slik skal eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk.

21. Når eg samlar dykk og pustar på dykk med min vreides eld, skal de smelta i den.

22. Som sølvet smeltar i omnen, slik skal de òg smeltast i han. Då skal de kjenna at eg er Herren, og eg auser ut min harme over dykk.

23. Herrens ord kom til meg:

Esekiel 22