6. Den dagen lyfte eg handa på at eg ville føra dei ut frå Egypt, til eit land som eg hadde sett ut til dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
7. Eg sa til dei: «Kvar og ein må kasta bort alt det motbydelege som auga heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.»
8. Men dei var trassige og nekta å høyra på meg. Ingen kasta bort det motbydelege som auga hang ved, og dei vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme og bruka opp all min vreide på dei der i Egypt.
9. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som dei levde imellom, dei eg hadde gjeve meg til kjenne for ved å føra dei ut frå Egypt.
10. Så førte eg dei ut frå Egypt og ut i ørkenen.
11. Eg gav dei forskriftene mine og kunngjorde lovene mine for dei. Det mennesket som held dei, skal leva ved dei.
12. Sabbatane mine gav eg dei òg. Dei skulle vera teikn mellom meg og dei. Slik skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.
13. Men Israels hus trassa meg i ørkenen. Dei følgde ikkje forskriftene mine og forakta lovene mine – endå det mennesket som held dei, skal leva ved dei. Og sabbatane vanhelga dei grovt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei i ørkenen og gjera ende på dei.
14. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut.
15. Då lyfte eg handa der i ørkenen og svor på at eg ikkje ville føra dei inn i landet eg hadde gjeve dei, det som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
16. For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine. Sabbatane mine vanhelga dei, for hjartet følgde avgudane deira.
17. Men eg viste medkjensle og rydda dei ikkje ut. Eg gjorde ikkje ende på dei i ørkenen.
18. Eg sa til sønene deira i ørkenen: «Følg ikkje forskriftene til fedrane dykkar, hald ikkje lovene deira og gjer dykk ikkje ureine med avgudane deira!
19. Eg er Herren dykkar Gud. Følg forskriftene mine, ta vare på lovene mine og lev etter dei!
20. Hald sabbatane mine heilage! Dei skal vera eit teikn mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.»
21. Men borna trassa meg. Dei følgde ikkje mine forskrifter. Dei tok ikkje vare på mine lover og levde ikkje etter dei, endå det mennesket som held dei, får leva ved dei. Sabbatane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei og bruka opp all mi harme på dei i ørkenen.
22. Men eg heldt handa mi tilbake. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga mellom folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut.
23. Så lyfte eg handa der i ørkenen på at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strø dei ut i landa.