Esekiel 20:31-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Når de kjem med gåver og lèt borna dykkar gå gjennom elden, blir de enno i dag ureine ved alle avgudane. Og så skulle de få spørja meg til råds, de israelittar! Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg til råds.

32. Det skal aldri henda, det som stig opp i hugen dykkar når de seier: «Vi vil vera som folkeslaga, som slektene i landa, og dyrka stokk og stein.»

33. Nei! Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal herska over dykk med sterk hand og strak arm og ausa ut min harme.

34. Eg skal føra dykk ut frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde, med sterk hand og strak arm, og ausa ut min harme.

35. Så fører eg dykk ut i ørkenen til folka, og der skal eg fella dom over dykk, andlet til andlet.

36. Slik som eg felte dom over fedrane dykkar i ørkenen ved Egypt, slik skal eg fella dom over dykk, seier Herren Gud.

37. Eg lèt dykk gå under herskarstaven og fører dykk inn i smeltedigelen.

38. Eg skil ut frå dykk dei som er trassige og gjer opprør mot meg. Eg fører dei bort frå landet der dei held til som framande, men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de kjenna at eg er Herren.

39. De israelittar, så seier Herren Gud: Kvar og ein kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de verkeleg høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar.

40. For på mitt heilage fjell, på det høgaste fjellet i Israel, skal heile Israels hus tena meg, alle som er i landet, seier Herren Gud. Der skal eg visa dei godvilje, og der skal eg spørja etter offergåvene og førstegrøda som de ber fram, alle dei heilage gåvene dykkar.

41. For den gode offerangen si skuld vil eg visa godvilje når eg fører dykk ut frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde. Gjennom dykk viser eg meg heilag framfor auga på folkeslaga.

Esekiel 20