15. Då lyfte eg handa der i ørkenen og svor på at eg ikkje ville føra dei inn i landet eg hadde gjeve dei, det som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
16. For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine. Sabbatane mine vanhelga dei, for hjartet følgde avgudane deira.
17. Men eg viste medkjensle og rydda dei ikkje ut. Eg gjorde ikkje ende på dei i ørkenen.
18. Eg sa til sønene deira i ørkenen: «Følg ikkje forskriftene til fedrane dykkar, hald ikkje lovene deira og gjer dykk ikkje ureine med avgudane deira!
19. Eg er Herren dykkar Gud. Følg forskriftene mine, ta vare på lovene mine og lev etter dei!
20. Hald sabbatane mine heilage! Dei skal vera eit teikn mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.»
21. Men borna trassa meg. Dei følgde ikkje mine forskrifter. Dei tok ikkje vare på mine lover og levde ikkje etter dei, endå det mennesket som held dei, får leva ved dei. Sabbatane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei og bruka opp all mi harme på dei i ørkenen.
22. Men eg heldt handa mi tilbake. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga mellom folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut.
23. Så lyfte eg handa der i ørkenen på at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strø dei ut i landa.
24. For dei heldt ikkje lovene mine, forskriftene mine forakta dei, og sabbatane mine vanhelga dei. Auga deira hang ved avgudane til fedrane.
25. Difor gav eg dei forskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.
26. Eg gjorde dei ureine ved offergåvene når dei bar fram det som kom først ut av morslivet. Det gjorde eg for å slå dei med skrekk, så dei skulle kjenna at eg er Herren.
27. Difor, menneske, skal du tala til Israels hus og seia til dei: Så seier Herren Gud: Endå ein gong hånte fedrane meg, trulause som dei var.
28. Eg førte dei inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei fekk sjå ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine offergåver som gjorde meg rasande. Dit kom dei med velluktande offer, og der auste dei ut sine drikkoffer.
29. Då spurde eg dei: «Kva er det med den offerhaugen som de går til?» – Det heiter offerhaug den dag i dag.