Esekiel 20:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det sjuande året, på den tiande dagen i den femte månaden. Nokre av dei eldste i Israel kom for å søkja råd hos Herren, og dei sette seg framfor meg.

2. Då kom Herrens ord til meg:

3. Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og søkjer råd hos meg? Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg om råd.

4. Vil du dømma dei, menneske, vil du dømma? Så gjer kjent for dei alt det avskyelege hos fedrane deira.

5. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Den gongen eg valde ut Israel, lyfte eg handa til eid for Jakobs ætt. Eg gav meg til kjenne for dei i Egypt, eg lyfte mi hand og sa til dei: «Eg er Herren dykkar Gud.»

Esekiel 20