1. Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp, så skal eg tala med deg.»
2. Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg.
3. Han sa til meg: «Menneske! Eg sender deg til israelittane, til opprørske folkeslag som har reist seg imot meg. Dei og fedrane deira har synda mot meg til denne dag.
4. Til desse borna med steinandlet og harde hjarte sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud.
5. Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei forstå at ein profet har vore hos dei.