Esekiel 18:14-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og blir skremd av det, så han ikkje gjer det same.

15. Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar, krenkjer ikkje kona til nesten sin,

16. er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og driv ikkje med ran og rov, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne.

17. Han legg ikkje hand på ein hjelpelaus, tek ikkje rente og avgift, men lever etter lovene mine og følgjer forskriftene mine. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal leva.

18. Men far hans, som undertrykte, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt blant folket sitt, sjå, han må sjølv døy for si synd.

19. De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda til faren?» Men sonen har gjort det som er rett og rettferdig, han har halde forskriftene mine og levd etter dei. Han skal få leva.

20. Den som syndar, skal sjølv døy. Ein son skal ikkje bera skulda til faren, og ein far skal ikkje bera skulda til sonen. Den rettferdige skal få att for si rettferd, og den urettferdige skal råkast av sin eigen urett.

21. Men når ein urettferdig vender om frå all si synd, når han held alle forskriftene mine og gjer det som er rett og rettferdig, då skal han leva og ikkje døy.

22. Alle syndene han har gjort, skal vera gløymde. Fordi han har gjort rett, skal han leva.

23. Skulle det vera min vilje at den urettferdige døyr, seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå sine vegar og leva.

24. Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags avskyelege gjerningar som den urettferdige gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningane han har gjort, skal vera gløymde. For si truløyse og for si synd skal han døy.

25. No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels hus! Er det eg som ikkje går fram på rett vis? Er det ikkje de som gjer urett?

26. Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For sin eigen urett skal han døy.

27. Men når ein urettferdig vender om frå si urettferd og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet.

28. Fordi han såg og vende om frå alle syndene han hadde gjort, skal han leva og ikkje døy.

29. Israelittane vil kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men er det eg som ikkje går rett fram? Er det ikkje de som gjer urett?

30. Difor, israelittar, skal eg dømma kvar og ein av dykk etter det han har gjort, seier Herren Gud. Vend om, vend om frå alle syndene, så inga skuld skal fella dykk.

Esekiel 18