9. Og om profeten lèt seg lokka til å seia noko, då er det eg, Herren, som har lokka han. Eg vil retta handa mot han og rydda han ut av Israel, folket mitt.
10. Då må begge bera si eiga skuld, både han som søkjer råd og profeten,
11. for at Israels hus ikkje lenger skal forvilla seg bort frå meg og ikkje meir gjera seg ureint med alle syndene sine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud, seier Herren Gud.
12. Herrens ord kom til meg:
13. Menneske, når eit land syndar mot meg og handlar trulaust, då retter eg ut handa mot det og bryt brødstaven for det. Eg sender svolt i landet og ryddar ut både menneske og dyr.
14. Om desse tre mennene, Noah, Daniel og Job, var der, kunne dei med si rettferd berre berga sitt eige liv, seier Herren Gud.
15. Dersom eg lét villdyr fara gjennom landet og dei gjorde det folketomt, og det vart til ei øydemark der ingen kunne fara gjennom på grunn av villdyra,