Esekiel 14:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Nokre av Israels eldste kom til meg, og dei sette seg framfor meg.

2. Då kom Herrens ord til meg:

3. Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjartet, dei har sett framfor seg det som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei be meg om råd?

4. Difor skal du tala med dei og seia til dei: Så seier Herren Gud: Om ein eller annan av Israels hus gjev avgudane rom i hjartet og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten, då skal eg, Herren, svara han og dei mange avgudane hans som fortent.

5. Slik grip eg israelittane om hjartet, alle dei som har svikta meg med avgudane sine.

Esekiel 14