Esekiel 13:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Syna deira er tomme, og spådomane er løgn. Dei seier «Herren seier», endå Herren ikkje har sendt dei. Og likevel ventar dei at han skal la ordet slå til!

7. Er det ikkje tomme syn de kjem med og løgnaktige spådomar de har tala når de seier «Herren seier», endå eg ikkje har tala?

8. Difor seier Herren Gud: Fordi de talar tomme ord og ser løgn, kjem eg mot dykk, lyder ordet Herren Gud.

9. Eg retter handa mot dei profetane som har tomme syn og spår løgn. Når folket mitt held råd, får dei ikkje vera med. I ættelista til Israels hus skal dei ikkje skrivast, og til Israels land skal dei aldri koma. De skal kjenna at eg er Herren Gud.

10. For dei har ført folket mitt vill og sagt: Fred! Men det er ingen fred. Det er som når nokon byggjer ein vegg og stryk kalk på han.

11. Sei til dei som kalkar: Veggen ramlar! Regnet fløymer. Eg får haglstein til å falla og stormvind til å bryta laus.

12. Så fell veggen. Vil dei ikkje då seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»

13. Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg ein stormvind bryta laus, i min vreide sender eg regn og hagl som øydelegg alt.

14. Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, eg jamnar han med jorda så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de omkoma midt i han. Då skal de kjenna at eg er Herren.

15. Eg auser all min harme på veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som kalka han,

16. profetane i Israel som spådde om Jerusalem og såg syn om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred», seier Herren Gud.

Esekiel 13