21. Så riv eg sund tørkleda dykkar og bergar folket mitt ut av hendene på dykk. Dei skal aldri meir bli eit bytte i dykkar hand. Då skal de kjenna at eg er Herren.
22. Med løgn tek de motet frå den rettferdige, sjølv om ikkje eg ville gjera han noko vondt. Og den urettferdige gjev de styrke, så han ikkje vender om frå sin vonde veg og får leva.
23. Difor skal de ikkje lenger ha tomme syn og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut av hendene på dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.