Esekiel 12:7-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Eg gjorde det som var sagt. Om dagen bar eg ut tinga mine som utstyr for eksil. Om kvelden braut eg meg hol i veggen med hendene. I mørkret bar eg tinga mine ut, eg tok dei på aksla rett framfor auga på dei.

8. Morgonen etter kom Herrens ord til meg:

9. Menneske, har ikkje Israels hus, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?»

10. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Det du ber på, er fyrsten i Jerusalem og heile Israels hus, dei som er der.

11. Sei: Eg er eit varsel for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med dei i byen. Dei skal fara i eksil, i fangenskap skal dei fara.

12. I mørkret skal fyrsten som er hos dei, ta tinga sine på aksla og dra ut. Dei skal bryta hol i veggen og føra han ut. Andletet skal han dekkja til så han ikkje kan sjå landet med auga.

13. Eg vil spenna ut garnet mitt over han, han skal fangast i nettet. Så fører eg han til Babel i Kaldearlandet. Men det får han ikkje sjå. Og der skal han døy.

14. Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle soldatane, vil eg spreia for alle vindar og forfølgja med drege sverd.

15. Då skal dei kjenna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strør dei ut i landa.

16. Berre nokre få av dei lèt eg sleppa unna sverd og svolt og pest, for at dei skal fortelja om alle dei avskyelege handlingane sine til folka dei kjem til. Då skal dei kjenna at eg er Herren.

17. Herrens ord kom til meg:

18. Menneske! Skjelvande skal du eta ditt brød, og vatnet skal du drikka med uro og angst.

Esekiel 12