16. Berre nokre få av dei lèt eg sleppa unna sverd og svolt og pest, for at dei skal fortelja om alle dei avskyelege handlingane sine til folka dei kjem til. Då skal dei kjenna at eg er Herren.
17. Herrens ord kom til meg:
18. Menneske! Skjelvande skal du eta ditt brød, og vatnet skal du drikka med uro og angst.
19. Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Urolege skal dei eta sitt brød, og forfærde skal dei drikka sitt vatn. Landet og alt som er i det, skal bli uhyggjeleg audt, for alle som bur der, har brukt vald.
20. Byane som det no bur folk i, skal leggjast aude, og landet skal bli ei øydemark. Då skal de kjenna at eg er Herren.
21. Og Herrens ord kom til meg:
22. Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane blir mange, alle syn slår feil.»
23. Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Men sei til dei: Dagen er nær, kvart syn slår til.
24. For ingen skal lenger ha tomme syn eller koma med falske spådomar i Israels hus.
25. Det er eg, Herren, som talar, og det ordet eg talar, skal skje, det skal ikkje utsetjast lenger. For i di tid, du trassige ætt, talar eg mitt ord og set det i verk, seier Herren Gud.
26. Og Herrens ord kom til meg:
27. Menneske, høyr! Israels hus seier: «Det synet han ser, gjeld langt fram, det er fjerne tider han profeterer om.»
28. Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Ingenting av det eg har sagt, skal utsetjast lenger. Når eg talar eit ord, skal det skje, seier Herren Gud.