Esekiel 11:13-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Medan eg profeterte, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og skreik høgt: «Å, Herre Gud, gjer du ende på alt som er att av Israel?»

14. Herrens ord kom då til meg:

15. Menneske! Brørne dine, brørne dine som er saman med deg i eksil, heile Israels hus – om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»

16. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Sjølv om eg førte dei langt bort mellom folkeslaga og spreidde dei i landa, vart eg ein liten heilagdom for dei i landa dei kom til.

Esekiel 11