7. Og ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane. Han tok opp glør og la i nevane på mannen i linkleda. Han tok imot og gjekk ut.
8. Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko med form som menneskehender.
9. Eg såg, og sjå! – det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub, og hjula såg ut som blinkande krysolittstein.
10. Alle fire såg like ut, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.
11. Dei kunne røra seg til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. For dit den første gjekk, følgde dei andre etter, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
12. Over heile kroppen – på ryggen, hendene og vengene – og overalt på dei fire hjula var det fullt av auge.
13. Eg høyrde at desse hjula vart kalla hjulverk.
14. Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det første var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet.
15. Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva.
16. Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg ved sida av dei. Og når kjerubane lyfte vengene for å letta frå bakken, dreia ikkje hjula seg bort frå dei.
17. Når kjerubane stod, stod hjula òg, og når kjerubane lyfte seg, lyfte hjula seg med dei. For ånda til skapningane var i hjula.