Esekiel 1:4-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Eg såg, og sjå! – ein stormvind kom frå nord, ei veldig sky og ein logande eld. Om skya var det ein lysglans. Og ut frå midten blinka det som av skinande metall, ut frå elden.

5. Frå midt inni elden kom det noko som likna fire levande skapningar, og slik såg dei ut: Dei likna menneske.

6. Men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger.

7. Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei skein som blankpussa bronse.

8. Dei hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle fire heldt andleta og vengene slik:

9. Vengene deira nådde i kvarandre. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Kvar av dei gjekk beint fram.

10. Framme likna andleta menneskeandlet. Til høgre hadde alle fire løveandlet, til venstre okseandlet og ørneandlet bak.

11. Slik såg andleta ut. Vengene var utspente ovanfrå, slik at to nådde borti kvarandre. Dei to andre vengene dekte kroppen.

12. Kvar av dei gjekk beint fram. Dit ånda førte dei, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

13. Dei som likna levande skapningar, såg ut som brennande kol, som faklar såg dei ut. Elden fór att og fram mellom dei. Det blinka og lynte av han.

14. Skapningane fór att og fram, det såg ut som lynet.

15. Eg såg på dei fire skapningane, og sjå! – det stod eit hjul på bakken attmed kvar av dei.

16. Hjula såg ut som dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var like. Det såg ut som dei var laga slik at det eine hjulet var inni det andre.

17. Dei kunne røra seg til alle fire sidene, men dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

18. Hjula var høge og skremmande, og det var fullt av auge rundt om på alle dei fire hjulringane.

Esekiel 1