10. Framme likna andleta menneskeandlet. Til høgre hadde alle fire løveandlet, til venstre okseandlet og ørneandlet bak.
11. Slik såg andleta ut. Vengene var utspente ovanfrå, slik at to nådde borti kvarandre. Dei to andre vengene dekte kroppen.
12. Kvar av dei gjekk beint fram. Dit ånda førte dei, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
13. Dei som likna levande skapningar, såg ut som brennande kol, som faklar såg dei ut. Elden fór att og fram mellom dei. Det blinka og lynte av han.
14. Skapningane fór att og fram, det såg ut som lynet.
15. Eg såg på dei fire skapningane, og sjå! – det stod eit hjul på bakken attmed kvar av dei.
16. Hjula såg ut som dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var like. Det såg ut som dei var laga slik at det eine hjulet var inni det andre.
17. Dei kunne røra seg til alle fire sidene, men dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
18. Hjula var høge og skremmande, og det var fullt av auge rundt om på alle dei fire hjulringane.
19. Når skapningane rørte seg, rørte også hjula seg attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg.
20. Dit ånda ville at dei skulle gå, dit gjekk dei. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.
21. Dei gjekk når skapningane gjekk, og stansa når dei stansa. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.
22. Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Han var spent ut høgt over hovuda på dei og såg ut som is – skremmande.