Efesarane 5:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ja, likna Gud, de som er hans kjære born.

2. Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.

3. Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage.

Efesarane 5