Efesarane 4:17-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme,

18. vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda.

19. Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.

20. Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna!

21. For de har høyrt han og vorte underviste i han etter den sanninga som er i Jesus.

22. Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene.

23. Bli nye i sjel og sinn!

24. Kled dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

25. Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til.

26. Blir de harme, så synd ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar!

27. Gjev ikkje djevelen rom!

Efesarane 4