Efesarane 4:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

16. Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.

17. Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme,

18. vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda.

19. Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.

20. Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna!

Efesarane 4