Efesarane 3:12-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

13. Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!

14. Difor bøyer eg mine kne for Far,

15. han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

16. Må han som er så rik på herlegdom,styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.

17. Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved truaog de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18. Må de saman med alle dei heilagefå styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19. ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

Efesarane 3