1. Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage {{i Efesos}}, dei truande i Kristus Jesus:
2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
3. Velsigna er Gud,vår Herre Jesu Kristi Far,han som i Kristus velsigna ossmed all Andens velsigningi himmelen.
4. I Kristus valde han oss utfør verda vart grunnlagd,til å stå for hans andlet,heilage og utan feil.I kjærleik
5. og etter sin eigen gode viljeavgjorde han på førehandat vi skulle få rett til å verahans born ved Jesus Kristus,
6. til lov og pris for hans herlegdom og nåde,som han så rikeleg gav ossi han som han elskar så høgt.
7. I han har vi fridomen,kjøpt med hans blod,tilgjeving for syndene.For så rik er Guds nåde,
8. som han lét strøyma over ossmed all visdom og forstand,
9. då han gjorde kjent for osssin viljes mysterium,det han gjerne ville gjera i han.
3f. 1 Tess 12+ Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.