Dommarane 8:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Gideon drog opp langs vegen til teltbuarane aust for Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren.

12. Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei og tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange. Han fekk heile hæren til å skjelva av skrekk.

13. Då Gideon, son til Joasj, vende heim frå striden og kom opp gjennom Heres-passet,

14. fekk han tak i ein ung gut, ein av mennene i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han namna på hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.

15. Då han kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine brød?»

16. Han greip dei eldste i byen. Så tok han ville tornebuskar og tistlar og lærte mennene i Sukkot ei lekse med dei.

17. Tårnet i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.

18. Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg. Begge såg ut som kongssøner.»

19. Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever, hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.»

Dommarane 8