15. Jissakars hovdingar saman med Debora,Jissakar kom, Barak var med,i dalen følgde dei han hakk i hæl.I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.
16. Kvifor sat du mellom kløvkorgeneog lytta til fløytetonar frå gjetarane?I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.
17. Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Kvifor drygde Dan ved skipa?Asjer, som budde ved havsens strand,heldt seg i ro i vikane der.
18. Sebulons folk viste dødsforakt,også Naftali,på dei opne høgdene.
19. Kongar kom og kjempa,då kjempa dei, Kanaans kongar,i Taanak ved Megiddos vatn,men dei tok ikkje sølv som bytte.
20. Frå himmelen kjempa stjernene,frå sine banar kjempa dei mot Sisera.
21. Kisjon-elva reiv dei bort,den eldgamle elva, Kisjon-elva.Gå fram, mi sjel, med kraft!
22. Då hamra det av hestehovar,av hingstar i galopp, i galopp!
23. «Forbann Meros!» sa Herrens engel.«Forbann, forbann dei som bur der!For dei kom ikkje Herren til hjelp,dei kom ikkje Herren til hjelp mot krigarane!»
24. Velsigna blant kvinner er Jael,kona til kenitten Heber,velsigna blant kvinner som bur i telt.
25. Han bad om vatn,ho gav han mjølk.Ho kom med rømme i ei praktfull skål.
26. Ho strekte ut handa etter teltpluggen,høgre handa mot hammaren til handverkaren.Ho slo til Sisera så skallen vart kløyvd,dreiv pluggen igjennom og knuste tinningen.
27. Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte og vart liggjande.Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte.Der seig han i kne, stupte og var knust.
28. Gjennom vindauget kikka ho ned,mor til Sisera ropa gjennom gitteret:«Kvifor kjem ikkje vogna hans,kvifor dryger hovslaga frå stridsvognene?»
29. Dei klokaste hoffdamene svara henne,og sjølv gav ho svar på sine eigne ord:
30. «Dei deler nok rovet dei har teke!Ei jente eller to til kvar mann,rov av fargerikt tøy til Sisera,rov av fargerikt tøy,eit handbrodert klede eller toom halsen på den som røva.»
31. Slik skal dei gå til grunne,alle dine fiendar, Herre.Men dei som elskar deg,skal vera som solanår ho renn i all si prakt.Sidan hadde landet fred i førti år.