Dommarane 20:24-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamin-mennene,

25. og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte på nytt atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn.

26. Då drog alle israelittane, heile hæren, opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens andlet og fasta heile dagen, heilt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren.

27. Og israelittane spurde Herren til råds, for den gongen stod Guds paktkiste der,

28. og Pinhas, son til Elasar og soneson til Aron, gjorde den tid teneste framfor henne. Dei spurde: «Skal vi endå ein gong dra ut og kjempa mot benjaminittane, brørne våre, eller skal vi la det vera?» Og Herren svara: «Dra ut! I morgon vil eg gje dei i dykkar hender.»

Dommarane 20