Dommarane 20:2-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Og hovdingane for heile folket, for alle Israel-stammane, møtte fram i forsamlinga av Guds folk. Det var fire hundre tusen fotfolk, våpenføre menn.

3. Benjaminittane fekk høyra at israelittane hadde fare opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det gjekk til med denne ugjerninga!»

4. Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til orde og sa: «Eg og følgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.

5. Men innbyggjarane i Gibea kom mot meg om natta og omringa huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og følgjekona mi valdtok dei så ho døydde.

6. Då greip eg følgjekona mi og skar henne opp og sende stykka rundt til alle område i Israels land. For dei hadde gjort ei avskyeleg og skammeleg gjerning i Israel.

7. No er de samla her, alle Israels menn. Kom fram med meininga dykkar og gjev råd!»

8. Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til teltet sitt eller fara heim til huset sitt.

9. No vil vi gjera slik med Gibea: Vi går mot byen etter loddkasting.

10. Vi tek ut ti mann for kvart hundre av alle stammane i Israel, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal sørgja for forsyningar til hæren, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der like for den skammelege gjerninga dei har gjort i Israel.»

11. Så samla dei seg, alle Israelsmennene, og drog mot byen, alle som ein.

12. Og Israel-stammane sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hos dykk?

13. Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan drepa dei og rydda det vonde ut av Israel.» Men benjaminittane ville ikkje høyra på brørne sine, israelittane.

14. Benjaminittane samla seg frå alle byane sine og kom til Gibea for å gå til kamp mot israelittane.

15. Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane. Attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.

16. I heile denne hæren fanst det sju hundre utvalde menn som var venstrehendte. Når dei kasta slyngjesteinen, kunne dei råka eit hårstrå; ingen bomma.

17. Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen våpenføre menn, alle øvde krigarar.

18. Israelittane braut opp og drog til Betel. Der spurde dei Gud til råds: «Kven av oss skal først dra ut i krigen mot Benjamin-mennene?» Og Herren svara: «Juda først.»

19. Om morgonen braut israelittane opp og slo leir midt imot Gibea.

20. Så drog Israelsmennene fram til kamp mot Benjamin. Dei gjekk mot Gibea, fylka til strid.

21. Men benjaminittane kom ut frå Gibea og felte den dagen tjueto tusen israelittar.

Dommarane 20