Dommarane 2:19-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men så snart dommaren var død, fall dei frå att, og dei øydela meir enn fedrane gjorde. Dei følgde andre gudar og dyrka og tilbad dei. Dei heldt fram med å vera trassige og gjera det vonde.

20. Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt.

21. Difor vil eg ikkje halda fram med å driva ut for dei eit einaste av dei folkeslaga som Josva lét vera att då han døydde.

22. For gjennom dei skal Israel bli prøvd: Vil dei eller vil dei ikkje halda seg til Herrens veg og gå han, slik som fedrane deira har gjort?»

Dommarane 2