Dommarane 15:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Så tende han faklane og sleppte revane inn på åkrane til filistrane. Slik brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, ja, til og med vinmarker og olivenhagar.

6. Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar.

7. Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.»

8. Og han slo dei sønder og saman, og det vart eit stort mannefall. Sidan drog han ned til Etam-juvet og gav seg til der.

9. No kom filistrane opp i Juda og slo leir der, og dei spreidde seg utover i Lehi.

Dommarane 15